Ja no har eg altså endeleg fått lagd ferdig heimesida mi, med bilde og allting! For en gangs skyld har eg laga heile layouten utan å "knabbe" templates fra flinke folk på nettet :o)
Og som om ikkje det var nok, så har eg klart å lage såkalla Tableless Layout, som visstnok er ganske hot om dagen.
Lenkene øvst til venstre er ting eg har gått og ruga på ganske lenge.
For å starte på toppen:
Bildegalleriet innheld bilde frå Fantoft og Tafjord, i tillegg til der eg budde før (i Florø) og der eg bur no (på Hessa)
Ønskelista er i grunnen berre for den masete familien min ;o)
Gutt er mitt første (og ikkje så veldig profesjonelle) forsøk på å lage Flash, og er tilegna min fantastisk lattermilde venn Lene. (Sjekk forøvrig Bloggen.)
Mobbing er ein liten presentasjon eg lagde i høve mappe-eksamen i PPU.
Fristoria er den gamle heimesida mi, som eg lagde på Høgskulen i Molde.
Er det noko som manglar, er det berre å seie fra. Så det så!
- Ann Kristin

