100 ting om meg
- Eg har en katt som heiter Sala
- ... og en katt som heiter Sisik
- Eg vart fødd i Volda
- Eg vart døypt i Molde
- Eg vaks opp i Tafjord
- Eg gjekk på vidaregåande i Stranda
- Eg flytta på hybel eit par veker før eg fyllte 16 år
- Eg har budd 5 år i Bergen
- ... og 1½ år på Lillehammer
- ... og 3½ år i Molde
- ... og 2 år i Florø
- ... og 1 år i Ålesund
- ... og bur no i Bergen
- Det eldste møbelet eg eig er bokhylla som var det første møbelet farfar nokon gang kjøpte
- Det yngste møbelet eg eig er den fantastisk flotte "TV-modulen" min
- Mamma meiner eg er den einaste musikalse personen i familien
- ... fordi eg spelte orgel medan eg gjekk i grunnskulen
- Mamma påstår dessutan at eg "grein mine modige tårer" då eg som lita såg "Den lille Havfruen"
- Eg har blondt hår
- ... og har aldri farga det (enda)
- Eg har prøvd å lese "1984" av Geogre Orwell på to ulike språk (engelsk og norsk), utan å lykkast
- Eg har lest "Madame Bovary" av Gustave Flaubert på to språk (fransk og norsk) og syntest begge versjonane var like grusomme
- ... og det vart ikkje betre av å sjå tre ulike filmatiseringar av boka
- Eg begynte med fransk først andre året på vidaregåande, fordi eg ikkje hadde lyst til å gå glipp av to fritimar i veka i første, og fordi skulen valgde å ikkje tilby fransk første året, men heller tilby det som studieretningsfag andre og tredje året *<:o)
- Eg hadde alle besteforeldra og tre av oldeforeldra mine i live då eg vart fødd
- Eg har tre stk. Lene, så familien min veit aldri kven eg snakkar om dersom eg berre sei "Lene"
- Favorittsnopet mitt er potetgull
- ... med Pepsi attåt
- Eg har lest alle Harry Potter-bøkene
- ... og Jordens barn, dvs. Hulebjørnens klan etc. (fem hittil)
- ... og Sagaen om Isfolket (47 stk.)
- ... og Raija (40 stk.)
- ... og Inga Svartdal (12 stk.)
- ... men finn ikkje siste boka av Ulveøyne (HJELP! nr. 25 manglar)
- Eg brukar grytehanskar, ikkje gryteklutar, for eg er så redd for å brenne meg
- Eg har hatt fyrstikkfobi sia eg var lita og nesten sette fyr på huset (spisestuebordet har framleis arr etter den opplevinga)
- Eg har klart å ta livet av kaktusar
- Den verste filmen eg har sett er "Magnolia"
- Den filmen eg har sett flest gangar er "Finding Nemo"
- Eg likar "Finding Nemo"
- Kalenderen min står framleis (22. februar 2007) på desember 2006
- Første kinoopplevinga eg kan huske var musikalen "Annie"
- Eg har sett alle episodene av Stargate SG-1 og Atlantis i tillegg til filmen
- Eg har bursdag samme dag som Amanda Tapping, som har spelt/speler i begge Stargate-seriane
- Då eg var lita (6-7 år gamal) vart eg innesteng på do på ferga, og det var først då eg fekk panikk at eg klart å opne låsen
- Eg likar ikkje sol (i alle fall ikkje så mykje)
- ... men eg er veldig glad i regn (i alle fall når eg kan sitte inne og høyre det slå mot vindauget)
- Eg hadde ikkje lyst til å konfirmere meg, men farmor lagde så mykje styr at eg gjorde det likevel
- Den beste måten å halde kontakt med meg på er ved å bruke MSN, Yahoo e.l.
- Eg likar ikkje te, sjølv om eg har veldig lyst til å like det
- Første CD-en eg kjøpte var "Samedi soir sur la terre" av Francis Cabrel
- Eg kan engelsk, fransk og tysk (og pittelitt spansk)
- Eg har vore i Norge (så klart), Frankrike, Sverige, Danmark, Tyskland, Tunisia og Storbritannia
- I utlandet har eg vore mest i Frankrike (10-vekerskurs i Caen) og minst i Storbritannia (ca. 3 timar)
- Eg likar ikkje røyk. I det heile tatt
- Den første og einaste bilen eg har eigd er ein raud Renault Clio
- Eg likar ikkje å køyre
- Eg har prøvd å skrive dagbok, men kom aldri lenger enn til første innlegg
- Einaste handarbeidet eg klarer å lage noko vettugt i er korssting
- Når eg er lei og har mest lyst å fare heim brukar eg å få Detroit City (I want to go home, I want to go home, Oh how I want to go home) på hjerna
- Eg fekk hol i øyrene i Lillehammer då eg var 4 år gamal
- ... og eg har hatt dei så lenge at dei ikkje gror att, sjølv om eg berre brukar ørepynt eit par gangar i året
- ... og skulle eg gjort det i dag hadde eg ikkje turt
- Eg les aviser på nett kvar dag
- Eg likar berg-og-dalbaner
- Einast dataspelet som har klart å halde på interessa mi over lenger tid er "The Sims"
- Eg hadde regulering tidlig i tenåra, og måtte trekke seks (!) tenner for å få plass
- Då eg var lita brukte farfar å fortelle historiar om at han var konge i Afrika, noko som resulterte i at eg og bror min kom i slosskamp på skulen fordi dei andre ikkje trudde på det, men det gjorde vi (dette kan eg ikkje huske)
- Eg kan heller ikkje huska at eg som lita (2-3 år gamal) stakk av fra mamma, og stod bak ei busk utanfor huset utan å svare då ho ropte på meg
- Derimot huskar eg godt da eg fire år gamal stakk av frå heimen til besteforeldra mine for å besøke farfar på jobben
- Min foretrukne nettlesar er Opera
- Den funksjonen eg saknar mest når eg brukar andre nettlesarar er Ctrl-z
- Eg likar å danse
- Eg likar å synge
- Eg er ikkje flink til å danse eller synge
- Eg budde to år på hybel med smekklås utan å låse meg ute!
- Første gang eg var på internett var i januar 1996
- Eg langde mi første heimeside samme vinteren, og det tok 10 år før eg fikk mitt eige domene (februar 2006)
- Nettstaden min er oppkalla etter katten min, ikkje omvendt
- Eg har ikkje studiegjeld
- Delar av 5. klasse og heile 6. og 7. klasse var eg einaste i klassa mi
- Eg er introvert
- Eg synest det er lettare å snakke med folk eg ikkje kjenner når dei startar samtalen
- Å sette meg saman med ein annan introvert vil erfaringsmessig føre til at ingen av oss snakkar
- Eg er slett ikkje impulsiv
- Eg har lang lunte, men kan også vere langsint når eg først blir sint
- Eg har tre yngre brødre. En heil og to halve
- Noko av det eg saknar mest er et badekar
- Eg spelte Tobias i tårnet i Kardemommeby i 5. klasse
- Eg hadde en gang en undulat som heitte Pelle
- Pelle la egg etter at Jossi flytta inn i buret
- Eg vart ein gang kalla innlandsveikj av en fyr på bussen
- Eg er candidata magisterii
- Eg likar ikkje å bli tatt bilde av eller filma
- Eg er ikkje et dessertmenneske
- Eg likar ikkje "omvendte" tal (sjuognitti blir gjerne 79...)
- Eg skulle ønske eg var meir kreativ
- Eg har nøyaktig samme namn som eine firmenningen min
- ... og ho er meir kjent enn meg
- ... noko som resulterte i at ho fekk et brev som var til meg en gang

